Turar
Vi skreddersyr turar
Vi har turar som passar for alle! Vi har mellom anna sjørøvertur for barn, lengre turar til Shetland, turar for sommaravslutning, firmaturar eller teambuilding. Vi skreddarsyr turar etter ditt behov!
Shetlandstur
Svanhild arrangerer kvart år Shetlandstur med 4-5 dagers varigheit. Meld deg på og få ei oppleving du aldri vil gløyme – det å å krysse Nordsjøen med ein galeas bygd i 1889. Som passasjer får du alltid vere medseglar, og får vere med å heise segl, stå ved roret og kjenne på kreftene i hav og vind. Alle som ynskjer det vert del av eit vaktlag med ansvar for seglasen til fastlagde tider. Kanskje vil du prøve deg på nattseglas? Å stå ved roret i nattemørket, med hav på alle kanter og stjernehimmelen som einaste lyskjelde, er ei oppleving verdt å få med seg.
Skjergardscruise
Når sola skin inviterer Svanhild til skjergardscruise rundt om i Florø-skjergarden med reker, bar og bading!
Sjørøvartur
I samband med diverse arrangement som til dømes Våt Moro og Eikefjoddagane kallar Svanhild inn til sjørøvartokt for å leite etter den store skatten!! Med hiv og hoi blir sjørøvarflagget heist til topps, og så går turen ut på vika på jakt etter gull.
Ta kontakt for meir informasjon
Kontakt
Svanhilds venner
Kven er vi?
Foreininga Svanhilds venner vart oppretta i 1995, og har som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild. Alle som vil kan bli medlem i Svanhilds venner.
Kva gjer vi?
- Vi arbeider kontinuerlig med vedlikehald og restaurering av eit viktig kulturminne for Sogn og Fjordane.
- Vi har hyggjelege og humørfylte dugnadstreff på båten.
- Vi brukar båten aktivt, vi har reine ‹‹venne-turar›› og mange av venene er med som mannskap på leigeturar. Aktive medlemmer av venneforeininga har fortrinnsrett til bruk av båten.
Samstundes som du er med på å ta vare på gammal kulturhistorie, bidreg du også til å puste liv i ein båt som fortener å pryde Florø-skjergarden.
Bevaring og bruk av Svanhild er rett og slett viktig og positivt for Florø-samfunnet.
Bli med!
Vil du bli medlem av Svanhilds venner? Vil du ha litt tjærelukt, trim og sosial omgang må du gjerne bli medlem!
Svanhilds Venner byr på både rettleiing og sosialt samvere.
Vipps så er det gjort – du kan enkelt bli medlem i Svanhilds Venner.
Enkeltmedlem kr 400
Familie kr 650
Bedrift kr 1500Vippse til: 94148
Galleri
Historikk
Historikk
Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik nær Surnadal på Nordmøre i 1889. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten. Som jakt hadde Svanhild ei mast og eit mannskap på 6 personar. Omlag ca. 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs. den fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med, og ein kunne no segle båten med fem personar. På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976.
Då vart skuta kjøpt av privatpersonar i Kristiansund, og rigget med «stengerigg» (todelt stormast) i perioden 1976 til 1981. Etter eit kort opphald i Haugesund fekk båten heimehamn i Florø, og i 1984 vart det danna eit andelslag med fleire eigarar frå kystbyen. To år med restaurering gav frukter, og i perioden 1985 til 1988 var Svanhild på ei tre år lang jordomsegling. Etter heimkomsten i 1988 gjekk eit par år med nokre leigeoppdrag, mellom anna til København og til Vågsberget for filminnspeling av Hamsuns «Landstrykere». I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og alle dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine andelar til stiftinga.
I perioden 1991 til 2001 har Svanhild gjennomgått ei omfattande restaurering. Det meste av båten er skifta ut og gjenoppbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter i åra 1991-1997. I samband med restaureringen på 90-tallet vart Svanhild rigget med pålemast (ei mast laga i eitt stykke). Den nye riggen er laga i Florø. Det omfattande restaureringsarbeidet er i hovudsak finansiert av Riksantikvaren, men også med god støtte i form av løyvingar frå Fylkeskulturkontoret, Sparebanken Florø-Bremanger og Flora kommune. Svanhild i dag er eit av dei mest autentiske restaurerte fartøya i Noreg. Detaljane ved riggen og installasjon av motorar og propellanlegg blei ferdigstilt sommaren 2002. Svanhild fekk to motorar og propellar, dette for å bevare den originale rorløysinga, for auka tryggleik og for betre manøvrering til/frå kai.
I gamle dagar var Svanhild verdfull for næringslivet som fraktebåt. I dag er båten ein verdfull kulturskatt. Slik sett er næring og kultur samla i same båt – i fortid, notid og framtid.
Fakta
Fakta om Svanhild
- Lengde skrog o.a. 76 fot + baugspryd.
- Breidde 21 fot.
- Djupne 8 fot.
- Tonnasje ca. 120 tonn.
- Byggemateriale furu.
- Original rigg: Gaffelrigga jakt med ei pålemast.
- Storsegl (140 kvadratmeter), toppsegl, fokk, klyver, jager, skværsegl, breifokk.
- Totalt seglareal var omlag 400 kvadratmeter.
- Første motor, en 50 Hk Wickmann, ble installert i 1936.
- Skuta ble restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter i perioden 1991 til 1997. Det meste av skroget ble da skiftet ut.
- Skroget er nå slik det var i 1889, riggen slik den var rundt 1925 (galeasrigg).
- Nye seil er sydd i linduk av seglmaker Brodersen i Lyngør.
- Det er nå installert 2 motorer type Perkins SABRE i Svanhild. Hver er på 182 HK.
- Ny innredning med ny bysse og utvida køyekapasitet samt to nye toalett kom vinteren 2008 i forbindelse med Svanhilds deltakelse i Tall Ship Race sommeren 2008.
Stiftinga
Stiftinga Svanhild
I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og alle dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine andelar til stiftinga. Foreininga Svanhilds vener vart oppretta samstundes med stiftinga, og har som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild. Hovudutvalet for kultur vedtok i 2008 at Sogn og Fjordane Fylkeskommune trekker seg frå styret i stiftinga. Stiftinga Svanhild har i dag eit styre som er samansett slik:
Kystmuseet i Sogn og Fjordane | 2 medlemmar |
Svanhilds vener | 2 medlemmar |
Sparebanken | 1 medlem |
Flora kommune | 1medlem |