Svanhilds venner

I 1995 gav dei som i si tid kjøpte Svanhild til Florø, eigarskapen over til ei Stiftinga Svanhild. I denne stiftinga sit idag Flora kommune, Kystmuseet, Sparebanken Sogn og Fjordane, og Svanhilds Venner. Det er denne stiftinga som eig Svanhild og har reiaransvar.

Svanhilds Venner det er vi som står for den praktiske drifta av skuta. Det er vi som skrapar skutesida, skrubbar toalettet og tar i mot bookingar, slik at Svanhild har nok å gjere. Om våren gjer vi henne klar til sesongen - pakkar henne ut av "vinterkåpa", skrapar og oljar, får på plass segl og rigg. Gjennom sesongen er det vi som er mannskap når ho blir booka til turar. 

Vi møtast fast på laurdagar, men i sesongen er det mykje som skal gjerast, så då vert det ofte jobba på ettermiddags/kveldstid også. Ein forpliktar seg sjølvsagt ikkje til å bidra med anna enn det ein ønskjer sjølv. Men håpet vårt er sjølvsagt at du skal bli biten av seglskute-basillen, slik at du kjem igjen - og igjen!

Det du får igjen for å vere med å ta vare på Svanhild, er for det aller første gleda av å delta i ein meiningsfull fritidsaktivitet, saman med folk som brenn for det same som deg! Kvar dugnadstime du legg ned, har ein verdi på 100 kroner, som du kan bruke til å trekke frå på prisen når du deltek på Svanhild sine turar, men ein må betale minimum 25 % av prisen. I tillegg arrangerer vi venneturar, som primært er for dei som er aktive i dugnadsarbeidet. 

Galleri

bildegalleri knapp

Følg Svanhild

ais knapp
Svanhilds venner: Benedicte Ulriksen Darski  Tlf: 411 27 290   -    Andreas Herland  Tlf: 904 07 418