
Gå til bli medlem under Svanhilds Venner og fyll ut informasjon om deg/dykk, evnt. klikk på linken: Medlemsskjema. |
![]() |
Svanhilds Venner er både stolt og glad for tildelinga av Flora Kommune sin Kulturpris for 2017. Vi takkar!
Kort referert frå Firdaposten.no, om grunnlaget for tildelinga:
Flora kommune/Levekårsutvalet deler kvart år ut "kulturprisen til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturarbeid i året som gjekk. Lang og tru teneste og/eller spesielt stor innsats på eitt eller fleire kulturområde er viktige kriterium for tildeling".
Kulturprisen 2017 gjekk til Svanhilds Venner. I grunngjevinga for utdelinga står det: «Det er ein organisasjon som inspirerer andre i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i Flora. Årets prisvinnar gir oppleving både for kropp og sjel, der samarbeid og individuelle utfordringar gir unike utviklingsmoglegheiter både for den enkelte men og i lag med andre i ei gruppe.».
Svahilds Venner blei oppretta som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild. Sidan Svanhilds Venner vart oppretta i 1985, har arbeidet knapt stoppa opp, og dugnadsgjengen er på plass nesten kvar laurdag. Det har resultert i at Svanhild i dag er ei av dei mest autentisk restaurerte seglskutene i Norge og eit flytande nasjonalt kulturminne. Seglskuta kan glede med flotte, minnerike opplevingar for barn, unge og vaksne.